Vi skal verne jødane med vage ord og berøringsangst
Stikk i strid med innspel frå norske jødar, klarar ikkje regjeringa prioritere kven tiltaka mot antisemittisme skal treffe.
HANDLINGSPLAN: Det ligg i ordets natur at ein handlingsplan må vere konkret. Då må den tørre å sette fleire konkrete ord på norsk antisemittisme enn regjeringa gjer i sin handlingsplan, skriv kommentator Emil André Erstad.
Synne Folstad Moen
Meir kunnskap er eit refreng gjennom regjeringas nye handlingsplan mot antisemittisme. Til dømes skal Støre-regjeringa «fortsette arbeidet med å bygge kunnskap og kompetanse om rasisme, antisemittisme, hets og diskriminering i ulike deler av samfunnet». Vidare står det at trugslane mot jødiske institusjonar i Norge har auka og at antisemittismen breiar om seg.
Mykje av det som står i handlingsplanen er vel og bra, men er det nok?
Kor eller kven?