Vi må ikkje le av Kaur, men ta ho på alvor
Haldningane til den nye leiaren i Raud Ungdom er farlege og mange ler av henne. Latter er ein dårleg strategi i møte med ytterleggåande og ekstreme haldningar.
EKSTREM: Den nye Raud Ungdom-leiaren Amrit Kaur har mellom anna gjesta Politisk Kvarter og Dagsnytt 18 på NRK med utsegner, haldningar og politiske standpunkt som har vekkja oppsikt. Ho bør bli tatt på alvor, inkludert og utfordra, skriv kommentator Emil André Erstad.
Skjermbilde NRK
Dei siste døgna har Amrit Kaur, den nye leiaren i Raud Ungdom, tatt mykje av oksygenet i det politiske rommet i Norge. Ho har mellom anna gjesta Politisk Kvarter og Dagsnytt 18 på NRK med utsegner, haldningar og politiske standpunkt som har vekkja oppsikt: Hamas er ingen terrororganisasjon, Lenin er gode greier, Ukraina må ikkje få våpen mot Russland og døra står på gløtt for væpna revolusjon i Norge.
Mange i den politiske klassen har reagert ved å le av den ferske ungdomspolitikaren, fordi det ho står for er så outrert og ytterleggåande. Latter er ein dårleg strategi i møte med ytterleggåande og ekstreme haldningar. Det viser mi eiga historie og erfaring med ytterleggåande haldningar. Det viser også forsking på ekstremisme.
Langt unna Raudt sin suksessoppskrift