Vi er ikkje immune mot trumpismen

Før dei to verdskrigane, var det få menneske som trudde krig var mogleg. I vår tid må heller ingen vere naive, og så må vi vere skikkeleg rause med dei som trår feil.

kk
FARLEG: Mi vurdering er at det i løpet av dei neste åra også vil sprette fram aktørar som vil gå hardt laus på det norske byråkratiet, etter modell frå Musks kontormassakrar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

For tida les eg Stefan Zweigs klassikar Verden av i går frå 1941. I desse dagar er ikkje boka for dei skuggeredde. Måten den forklarar oppbygginga til dei to verdskrigane hundre år tilbake i tid, gir skremmande assosiasjonar til den tilspissa tryggleikssituasjonen i verda i Trump-æraen.

Mykje er annleis, men desto meir skremmande er likskapstrekka: Folk trudde ikkje det var mogleg at nasjonar kunne krige mot kvarandre. Den ekstreme nasjonalismen vaks plutseleg. Dei farlege, fascistiske bøllene vart møtt med skuldertrekk og naivitet, heller enn fastheit og handlekraft, av den liberale eliten. Det som trefte dei, kom raskare og meir overraskande enn nokon kunne føresjå.

Det er like lett å seie at det utenkjelege ikkje kan skje i dag, som det var i 1913 og 1937.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS