Underordning hindrar evangeliet

Debatten om kvinneleg underordning kjennest så utdatert at det burde vere unødvendig å gå inn i han. Men kva står det eigentleg i Bibelen om temaet?

Illustrasjon:
UNDERORDNING: Dersom ein i vår tid held fast på at kvinner skal underordne seg menn, er ein i realiteten med på å hindre Guds rikes vekst, skriv Alf Kjetil Walgermo. Illustrasjon:
Publisert Sist oppdatert

Dei seinaste tre vekene har det kvervla opp ein debatt som dei færraste i det norske storsamfunnet trudde det var rom for i 2022.

Det massive fleirtalet av alle som gjekk i 17. mai-tog og vifta med norske flagg denne veka, er for likestilling mellom menn og kvinner. Likevel finst det framleis ein del konservative religiøse i Noreg – både kristne, muslimar og andre – som støttar tanken om at kvinner skal underordne seg menn.

Mest truleg meiner dei dette fordi dei ønsker å ta dei religiøse skriftene på alvor. Nettopp derfor kan det vere nyttig for ein kristen å sjå nærmare på kva som står i Bibelen om temaet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP