Torhild Bransdal, ein raus og uredd politikar
MINNEORD: Den utradisjonelle politikaren med det bankande hjartet. KrF-nestoren sette djupe spor i norsk politikk.
TAKK: Mange menneske i Norge kan takke KrF-nestoren frå Sørlandet for saker ho tok tak i, skriv Emil André Erstad.
Adam Read Foto
Lenge såg det ut til at ikkje eingong den alvorlege kreftdiagnosen kunne stanse Torhild Bransdals utrøyttelege engasjement for eit betre samfunn. I korte oppdateringar på sosiale medier om sjukdomskvardagen denne sommaren, delte Bransdal små glimt med politisk bodskap.
«For en velferdsstat vi har», skreiv ho og varsla at ho ikkje hadde gitt opp kampen for å leve, medan kreften spreidde seg i kroppen.
Ekte og ujålete