To måtar å vere mann på

Dei to visepresidentkandidatane i USA viser oss, anten dei meiner å gjere det eller ikkje, to tilnærmingar til mannsrolla som står i sterk kontrast til kvarandre.

KAMPKLARE: JD Vance (t.h.) og Tim Walz skal møtast til debatt natt til onsdag norsk tid.
KAMPKLARE: JD Vance (t.h.) og Tim Walz skal møtast til debatt natt til onsdag norsk tid.
Publisert Sist oppdatert

Natt til 2. oktober skal visepresidentkandidatane Tim Walz og JD Vance møte kvarandre til debatt i New York. Ein av tinga eg let meg fascinere av når eg ser på dei to, handler om korleis dei viser fram ulike måter å vere mann på. Eg er spent på å sjå om dette vil komme fram også i debatten tysdag natt.

På mange måtar er det mogleg å seie at den amerikanske mannen er i krise. På stadig fleire felt heng menn etter, akkurat som i Norge. Gutar fell bak jenter i skuleresultat, og på universitet nærmer det seg å vere to kvinnelege studentar for kvar mannlege. Menn lever kortare enn kvinner, og har langt høgare sjølvmordsrate. Menn er også overrepresenterte på statistikkar over arbeidsløyse, narkotikaoverdoser og alkoholisme.

I målingar viser det seg at færre menn i generasjon Z (fødd etter 1996) kallar seg feministar enn menn i generasjonen over (fødselsår 1981–1996). I dei same undersøkingane seier nesten halvparten av menn i alderen 18–29 år at dei opplever å møte diskriminering fordi dei er menn.

Powered by Labrador CMS