Tillitskrisa som verken norsk politikk, Arbeidarpartiet eller Jonas Gahr Støre trong

Her er grunnen til at Tonje Brenna blir sittande som statsråd, medan Anette Trettebergstuen gjorde heilt rett i å gå av. Den viser likevel ei tillitskrise for norsk politikk, Arbeidarpartiet og statsministeren sjølv.

kk
FORSKJELL: Sjølv om det for oss utanfor er lettare å få auge på likskapane mellom Brenna og Trettebergstuens saker, er det forskjellane som fører til at den eine måtte gå medan den andre kan bli sittande, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Nepotisme.

Det finst knapt eit skumlare ord for politikarar i eit land som Norge.

Vi har nemleg høg tillit til vårt politiske system. Vi har tillit til at ordningane ikkje vert utnytta av dei som styrer. I alle fall var det slik fram til skandalene med pendlarbustader på Stortinget. Lenge har vi likevel kunne vere trygge på at ikkje vener og kjende får posisjonar fordi dei er vener og kjende. Etter alt bråket med pendlarbustader tenkte vi at no har norske politikarar lært leksa si, og slike saker høyrde historia til.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS