Tene Gud – eller folket?
Det kan på sikt bli eit demokratisk problem at ei stadig mindre kristen innbyggjarmasse i overveldande grad vert representerte av kristne politikarar.
IKKJE-TRUANDE: Senator Kyrsten Sinema frå Arizona er den einaste medlemmen av Kongressen som oppgjer å ikkje ha noko religiøst tilhøyr.
NTB
Nesten ni av ti representantar i den ferske Kongressen oppgjer at dei er kristne — medan berre drygt 60 prosent av vaksne amerikanarar gjer det same. Det viser ferske tal samla inn av det politiske magasinet Roll Call.
Sidan 2007 har delen kristne i befolkninga gått frå 78 prosent til 63 prosent. Nesten ein av tre amerikanarar seier no at dei ikkje er tilknytt nokon religion, men berre eitt einaste medlem av Kongressen, Arizona-senator Kyrsten Sinema, høyrer til denne gruppa. I tillegg finn vi eitt kongressmedlem som kallar seg humanist.
Det gjer menneske utan religiøs tilhøyr til den mest underrepresenterte gruppa i amerikansk politisk liv. Sjølv om vi i liten grad har tilsvarande tal å stø oss på for norske forhold er det grunn til å anta at situasjonen er svært annleis i Noreg.