SV vil slite med å erstatte Lysbakken
Den som skal etterfølge Audun Lysbakken som partileiar, får store sko å fylle. Det er langt frå sjølvsagt kven det blir av dei tre mest tydelege kandidatane.
GÅR: Det er framleis usikkert kven som blir kandidatane til å fylle Audun Lysbakkens sko som SV-leiar, men det kjem nok til å dreie seg om tre profilar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Stian Lysberg Solum
Det var forventa og sjokkerande på same tid då Audun Lysbakken onsdag morgon sa at han ikkje kom til å ta attval som SV-leiar. Forventa fordi rykta om hans avgang hadde gått i lengre tid – i etterkant av at han hadde fått eit barn til og vore i pappaperm. Sjokkerande fordi Lysbakken av mange no var rekna som den beste partileiaren i norsk politikk, langt utanfor SVs rekker. Etter ein turbulent start som partileiar, hadde han endeleg skaffa partiet ei viktig og mektig rolle på Stortinget med gode moglegheiter for vekst.
No tenkte mange at Lysbakken omsider kunne hauste fruktene av sitt leiarskap i åra framover.
Vi kan skildre Audun Lysbakken som ein omgjengeleg, humørfylt og erfaren partileiar med mykje kunnskap og tyngde. Han er akkurat like hyggeleg på bakrommet som han er framfor kamera. Det er ekte vare, og teiknar eit bilete av ein politikar med stor integritet. For SVs del har det vore eit leiarskap som har skapt suksess dei siste åra – seinast då han i 2021-valet skaffa 7,6 prosent oppslutning og ei avgjerande maktrolle som forhandlingspartnar for Støre-regjeringa i Stortinget.