Stjernehimmelen over oss
LAURDAGSKOMMENTAREN: Kva rettar du blikket mot i livskriser? NRK-serien «Etterglød» gir utkast til høgst forskjellige svar.
HÅP I MØRKET: Døden grip oss stundom i anklane. Alt synest mørkt og kjensla av tap er altomfattande. Nettopp då strålar den kristne bodskapen sterkast mot oss. Mørket er ikkje alt. Lyset har overvunne det, skriv Alf Kjetil Walgermo. ILLUSTRASJON:
Lars Aurtande
Korleis ville du leve livet ditt dersom du visste at du berre hadde seks månader igjen å leve? Eg trur svaret kan vere ulikt frå menneske til menneske. Somme ville nok leve mest mogleg som «normalt». Andre ville kanskje prøve å realisere ein draum, eller fullføre nokre fleire punkt på «the bucket list» – ting ein «må» gjere før ein døyr.
Livet er det største vi har, og samtidig det aller lettaste å ta for gitt. Dei fleste av oss veit nok, om vi tenker etter, at vi ein dag skal kremerast eller leggast i jord. Memento mori, sa dei i antikken: Hugs at du skal døy! Det gjer vi jo, men samtidig: Døden er forbløffande lett å gløyme.
Frykta for døden