Spranget inn i det evige

GRAVFERD: Til kristne salmar og Internasjonalen blei forfattaren Dag Solstad bisett frå ei fullstappa Oslo domkirke tysdag ettermiddag. Ein bauta i samtidslitteraturen har no fått sin siste kvilestad.

Statsminister Jonas Gahr Støre talte i forfattaren Dag Solstads gravferd i Oslo domkirke tysdag ettermiddag.
GRAVFERDSSEREMONI: Statsminister Jonas Gahr Støre talte i forfattaren Dag Solstads gravferd i Oslo domkirke tysdag ettermiddag. «Diskusjonar og refleksjonar om Gud, og omgrepet Gud, stod Dag Solstad nært», skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Store delar av det litterære Noreg var tysdag samla til gravferdsseremonien for Dag Solstad i Oslo domkirke. Blant talarane i bisettinga var Edvard Hoem, Karl Ove Knausgård og Jan Erik Vold, som bidrog med kvar sine blikk på forfattaren som no er gått bort. Talte gjorde også statsminister Jonas Gahr Støre.

– Eg vil som statsminister, på vegne av nasjonen, anerkjenne eit eineståande forfattarskap, som har både forma og spegla ei samtid i rørsle, frå midten av 1960-tallet til i dag, sa Støre, og sette såleis ord på kor viktig Dag Solstad har vore for den norske samtidslitteraturen. Det er ein bauta som no er gått bort.

Mange nordmenn har eit forhold til Solstad. For mange var han sjølve Forfattaren med stor F. Med sin karakteristiske bustete sveis, si folkelege interesse for idrett og sin spretne og tidvis springande talemåte hadde han ulike hjarteinngangar til det norske folk. Men først og fremst blei han elska for bøkene sine. Dei blei det etter kvart mange av, alt frå reportasjebøker om fotball – saman med Jon Michelet – til noveller, essays og dramatikk. Og ikkje minst: romanane.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS