«Som sjølvhjelp har kristen tru null verdi»

Kva skal vi med ei kristentru som ikkje konfronterer synd og får oss frå død til liv?

kk
RADIKAL: Frans av Assisi var ein som sette det spektakulære, men usynlege Gudsnærværet alltid først. Den som prioriterer slik, vert rekna for ein ufornuftig narr, skriv gjestekommentator Sofie Braut.

Ved eit tilfelle vart nokre av årets første dagar brukt i selskap med ei eldgammal bok, nemleg Fioretti, ein klassikar frå 1300-talet, om St Frans av Assisi og dei tolv første venene hans. Forteljingane gir eit fargerikt innblikk i ei tid og ei tru så fundamentalt annleis enn vår, at ein undrar: Er dette verkeleg forløparen til kyrkja av i dag?

Kven stiller seg til dømes fram som ein narr for evangeliet i kristne samanhengar, slik Frans og venene gjorde? Kven stoler på Herren slik at eigen komfort vert heilt underordna? Korleis kjem det til uttrykk at dei som skal vera leiarar, skal ha den lågaste plassen? Ofte høyrer vi i staden argument for at trua er billetten til det gode liv. Ho har i mange samanhengar blitt fornufta sin forlenga arm, og teologisk argumentasjon ser i dag ut til å måtta lena seg tungt på ein appell til at trua har eit allmennyttig siktemål. For all del, også Frans og venene påverka samfunnet positivt. Slike utslag var likevel berre bieffektar av eit liv vigd til Gud.

Spektakulært i to tusen år

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS