Slik vart sekta eit folkeparti
Ukraina-krigen har ikkje tatt livet av Raudt sine ambisjonar om å ta over norsk politikk. Likevel er folkeparti-visjonen avhengig av at Bjørnar Moxnes vinn fram om våpenstøtte til Ukraina.
HISTORIE: Vegen er lang frå då leiar i Raud Ungdom i 2007, Mímir Kristjánsson, vart arrestert av politiet på Slottsplassen til Raudts landsmøte i helga, skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Bendiksby
Tidlegare statssekretær og rådgjevar for Jens Stoltenberg, Jan-Erik Larsen, sa spøkefullt i ein podkast nyleg at historia om KrF og Raudt er historia om «eit folkeparti som vart ei sekt, og ei sekt som vart eit folkeparti». Ordet sekt er nok for sterkt til å skildre både KrF og Raudt, men sitatet fortel likevel om korleis desse to partia sine grafar på meiningsmålingane for lengst har kryssa kvarandre. Denne helga er begge parti samla til landsmøte på Hamar (KrF) og i Stavanger (Raudt).
Studiesirklar ytst på venstrekanten
Lenge vart ikkje Raudt rekna som eit parti som alle andre. Dei vart sett på som for ekstreme, karikerte og lite relevante. Kven brydde seg om kva nokre studiesirklar ytst på venstrekanten av norsk politikk måtte meine om det eine eller andre? Her og der i lokalpolitikken hadde dei viktige profilar, men i rikspolitikken var dei nesten usynlege.