Slik var våpendebatten i Raudt
Berre sjølve debatten om våpenstøtte på Raudt-landsmøtet kan skremme folk bort frå partiet. Dersom partiet også stemmer for å stå fast på motstanden, vinkar partiet farvel til strategien om å bli breiare.
PINE: For Bjørnar Moxnes og Raudt-leiinga må våpendebatten på landsmøtet ha vore ei pine å følge. Den var eit brot med den strategien partiet har følgd for å bygge partiet breiare dei siste åra, skriv kommentator Emil André Erstad.
Carina Johansen
Rundt klokka 15.00 laurdag ettermiddag var det tid for den saka både pressebenken og mange av delegatane på Raudt-landsmøtet hadde venta på: Vil partiet snu i synet på å støtte Ukraina med norske våpen?
Debatten ei pine for leiinga
Då debatten byrja sat leiinga og partiets mange kommunikasjonsfolk og beit neglar gjennom debatten laurdag. Ikkje først og fremst på grunn av resultatet, men kvadelegatane kunne finne på å sei frå talarstolen – kringkasta for open mikrofon framfor eit samla pressekorps. Etter kvart såg Moxnes og dei andre ut til å senke skuldrene over at den mest ekstreme og pro-russiske retorikken ikkje slo til.