Raudt har mykje å takke Bjørnar Moxnes for, men gav han ingen nåde

Bjørnar Moxnes hadde fortent ein takk frå partiet sitt. Han fekk eit karakterdrap.

kk
SUKSESS: Då Bjørnar Moxnes vart vald til partileiar med trampeklapp på Raudts landsmøte i 2012, var partiet prega av venstreorientert sekterisme. Moxnes fortener takk frå partiet for at det i dag er relevant for store delar av folket, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Det var ein pressekonferanse utanom det vanlege på Stortinget måndag morgon, der Marie Sneve Martinussen varsla at ho hadde tatt over som fungerande partileiar i Raudt. Det vanlege ville vore at Bjørnar Moxnes stod der sjølv, sa kvifor han no hadde bestemt seg for å trekke seg som partileiar og svara på spørsmål om det. Viss andre i partiet skulle uttale seg, ville dei brukt tid på å skryte av den avtroppande partileiaren. Raudt valde ein heilt annan strategi.

Sneve Martinussen snakka på ein måte som meir likna ei valkampopning eller partileiars tale på eit landsmøte. Det toppa seg då ho siterte seg sjølv frå debatten om lakseskatten – som om ho var på ein annan pressekonferanse enn oss pressefolk.

I den første delen av pressekonferansen snakka Sneve Martinussen knapt om det pressa var innkalla til pressekonferanse om, nemleg at Bjørnar Moxnes på Facebook ein knapp time tidlegare hadde varsla sin eigen avgang. Der hadde han òg kalla solbrille-saka eit tjuveri. Derimot snakka den fungerande partileiaren om alle Raudts kampsaker og kva partiet ønska at den kommande valkampen skal handle om. Ho kalla seg òg «Raudts nye leiar».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS