Putin har sidan starten vore meir bøddel enn politikar
Respekten for menneskeliv i Putins Russland er nær ved å ikkje eksistere. Hittil har Putins maktmetode med å drepe motstandarar fungert som han har ønska.
KOKK: Heilt sidan starten har Putin vore meir bøddel enn politikar. Hans systematiske og nitidige ryddejobb starta allereie før han offisielt vart vald til president i år 2000, skriv kommentator Emil André Erstad.
AP File
Onsdag vart flyet til Wagner-leiar Jevgenij Prigozjin skote ned av russiske styrkar, over byen Tver midt mellom Moskva og Sankt Petersburg. Det er liten grunn til å tvile på at det var Putins regime som stod bak. I følge kjelder på innsida av dei russiske tryggleikstenestene prøvde Prigozjin å motsette seg Kremls øydelegging av Wagner-gruppa.
Dermed gjekk det med Prigozjin som det har gjort med så mange andre før han. Ni andre russarar måtte også bøte med livet, fordi dei sat på same privatfly. Tre av dei var tilsette på flyet.
Det vil sei: Sannsynlegvis er Prigozjin død, men som med mykje annan informasjon frå Putins Russland kan vi ikkje stole heilt på at Prigozjin faktisk er død før vi har DNA-prov.