Partiet Sentrum er dømt til å floppe

Eit politisk parti treng fiendar, saker og veljarar. Partiet Sentrum manglar alle tre.

Dei fortener honnør for initiativet, men hundre små klapp på skuldra kjem ikkje til å skaffe Geir Lippestad og Partiet Sentrum stortingsplass.
Dei fortener honnør for initiativet, men hundre små klapp på skuldra kjem ikkje til å skaffe Geir Lippestad og Partiet Sentrum stortingsplass.
Publisert Sist oppdatert

Eit slappare politisk prosjekt med mindre brodd enn det partiet Sentrum har stabla på beina så langt, skal du leite lenge etter. Det hjelper ikkje å ha dei snillaste meiningane, eit partiprogram som når som helst kan forvekslast med FNs berekraftsmål og eit superidealistisk tillitsmannsapparat, viss partiet elles manglar alt det eit politisk parti treng for å overleve.

Partiet Sentrum er ikkje dei første som prøvar å utfordre det norske partisystemet. Det er sikkert fint for demokratiet, men det er for det meste dødsdømt frå start. Snart eit år etter oppstarten i slutten av september 2020, og berre få månader før stortingsvalet, ser Partiet Sentrum meir ut som eit naivt luftslott enn eit reelt instrument for makt og innflytelse.

Folka bak Partiet Sentrum er modige idealistar, noko ingen kan ta frå dei. Dei er tilsynelatande godhjarta folk som vil fine ting for samfunnet rundt seg. Og sanneleg har dei også fått til ein del på kort tid: Aldri før har eit miniparti oppnådd så mykje mediamerksemd som Partiet Sentrum har klart. Ofte har dei politiske prioriteringane deira vore gjenstand for saker i store medier.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS