Ny historiebok, Bore?

Korleis gjekk det til til at Vårt Land like etter krigens slutt vart skulda for å spreia klassisk antisemittisme på leiarplass?

STARTEN: Det er gode grunnar til å skrive ei ny historiebok i høve Vårt Lands 80-årsjubileum i 2025. Spesielt burde ein sette fokus på avisas forhold til antisemittismen etter krigen, skriv Johannes Morken i denne kommentaren.
STARTEN: Det er gode grunnar til å skrive ei ny historiebok i høve Vårt Lands 80-årsjubileum i 2025. Spesielt burde ein sette fokus på avisas forhold til antisemittismen etter krigen, skriv Johannes Morken i denne kommentaren.

Eg veit ikkje om Vårt Lands sjefredaktør Bjørn Bore ser seg råd til å engasjera ein ekstern fagperson til å skriva ei ny historiebok til 80-års jubileet i august i 2025. Det er gode grunnar til å skriva om avisas rolle i dei tre tiåra som er gått sidan Per Voksø skreiv «I strid siden freden» til 50-års jubileet. Men det er også viktige hol i boka til Voksø.

Vårt Lands første utgåve 31. august i fredsåret kom akkurat i tide til å dekkja landssviksaka mot Vidkun Quisling. Hyllinga som Vårt Land 11. september 1945 gav av dødsdommen mot Quisling, er sitert av Voksø: «Han må betale rettferdigheten den høyeste pris. Billigere slipper han ikke, og best er det så. Oppgjøret blir mer hurtig og greit for alle parter. Folket vårt blir ferdig med landsforræderen Quisling.»

Ei grundigare drøfting av dødsstraff fann Vårt Lands ansvarlege redaktør ingen grunn til. Sjølv kom Bjarne Høye frå etterretningstenesta og informasjonstenesta til eksil-regjeringa i London. Som redaktør i den ferske avisa, danna for å prega samfunnet med kristne verdiar, var han klar for «en mental storrengjøring – både hos forbryterne selv og hos folket som helhet». Quisling vart, etter stadfesting i høgsterett, skoten 24. oktober 1945.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS