Nobelprisvinnar med Gud i sentrum
Jon Fosse er Noregs fjerde nobelprisvinnar i litteratur. Han samanliknar skriving med bøn og har Gud som nav i mange av bøkene sine.
PRISVINNAR: Den norske forfattaren Jon Fosse har vunne Nobels litteraturpris 2023.
Giulia Triosi
Jon Fosse er Noregs fjerde vinnar av Nobels litteraturpris, etter Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset. Også før pristildelinga torsdag ettermiddag stod han trygt som ein av samtidslitteraturens viktigaste forfattarar. Forfattaren som konverterte til katolisismen for nokre år sidan, har i lang tid vore opptatt av religiøse og mystiske tematikkar i bøkene sine. Fosse har også, som Franz Kafka, samanlikna skrivinga si med bøn.
Dei eksistensielle tematikkane i Fosses forfattarskap har lenge syntest å auke på for kvar nye utgiving. Dette må ikkje mistolkast som at Fosse brukar litteraturen til å fremje dogmatiske standpunkt. Det handlar ikkje om dogmatikk hjå Fosse, men om mennesket i møte med dei store realitetane. Teologen Jan-Olav Henriksen er berre ein av mange som til dømes har interessert seg for Fosses roman Morgon og kveld (2000) og peika på korleis Fosse vever saman teologiske tema og folkelege erfaringar på ein open og udogmatisk måte.
Dei religiøse innslaga er også til stades i dramatikken og lyrikken hans. Til dømes kling den jordnære og himmelvendte Stein til stein umiskjenneleg av religiøse ord og tankebygningar innanfor eit univers som gjerne kan ha Kristus som hjørnestein, slik eg formulerte det då eg meldte boka for nokre år sidan. Salmen «Nattsalme» er i så fall det naturlege punktumet for rørsla mot Gud i den diktsamlinga.