Når medisinen er verre enn sjukdommen
Donald Trump prøver ut kor langt han kan gå i kampen mot gjengkriminalitet. Det kan ende i lovlause tilstandar.
BRUTALT: Livet i CECOT, der venezuelanarane er sende, er knallhardt.
NTB
Andry græt. Fortel at han er homofil. At han fryktar for livet. Likevel blir han dytta vidare inn i det berykta CECOT-fengselet i El Salvador saman med 237 andre venezuelanarar. Han har ikkje brote lova, og han har følgt asylreglane i USA. Men tatoveringa hans liknar ei gjengtatovering.
Gjeng-invasjonen
For om lag fire veker sidan vart 238 menn med opphav i Venezuela sette på fly og frakta ut av USA. Det store fleirtalet av dei er ikkje domfelte, og er heller ikkje sikta for kriminell aktivitet. Amerikanske styresmakter hevdar at samtlege er kriminelle og har tilknytning til gjenger, spesielt den brutale Tren de Aragua, som no er definert som ein terrororganisasjon.