«Nådelause naturkrefter kan opne augo til mektige politikarar»
Sannsynlegvis er tusenvis drepne og endå fleire hus ligg i ruinar. Likevel kan dei nådelause naturkreftene gje håp.
AVMAKT: Den mektige presidenten Recep Tayyip Erdogan gjer alt han kan på den internasjonale scena, for å vinne støtte blant religiøse og nasjonalistiske tyrkarar på heimebane. No er han makteslaus mot dei nådelause naturkreftene, skriv kommentator Emil André Erstad.
Mahmut Bozarsan
Jordskjelvdiplomati.
Ordet er ei sjølvmotseiing, men likevel eit stikkord for det som kan komme når etterskjelva på det tyrkiske fastlandet har byrja å gje seg.
Korleis kan det liggje håp om positive endringar i ei så enorm katastrofe som den som måndag ramma Tyrkia og Syria?