«Les lokalavisa di i dag. USA viser oss at i morgon kan ho vere borte»

I eitt av verdas største demokrati døyr to lokalaviser kvar veke. Det er eit faresignal også for avislesande nordmenn om at tidene kjem til å bli endå tøffare.

sdf
AVISDØD: 2800 aviser over heile USA har gått inn sidan 2004, om lag to kvar veke, og ein femdel av dei rundt 6000 som står att, kallar Abernathy spøkelsesaviser. Spøkelsa har svært få tilsette og har ikkje kapasitet til mykje anna enn å formidle pressemeldingar frå lokale organisasjonar og fellesstoff frå eit eventuelt morselskap, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
Publisert Sist oppdatert

Sjå føre deg at heile Vestfold og Telemark sto utan ei avis, med unnatak av ei dagsavis som dekka Tønsberg by. Sjå føre deg at halvparten av dei andre kommunane i landet var i dekningsområdet til berre éi avis kvar. Og sjå føre deg at ein god del av avisene som sto att hadde ein så utarma redaksjon at det reint faktisk ikkje var ressursar att til å drive faktisk journalistisk arbeid.

Nyhendeørkenar

I USA er dette langt på veg røynda. Landet har 3100 counties, eit forvaltingsnivå vi vanlegvis omtaler som «fylke» på norsk, men som i funksjon er ein stad mellom norske kommunar og fylke, og som varierer enormt i storleik. 200 av desse står i dag heilt utan ei lokal- eller regionavis. Rundt 1600 fylke er berre dekka av éi nyhendekjelde, vanlegvis ei vekeavis, som skal dekke fleire lokalsamfunn over eit stort område. Om lag 70 millionar amerikanarar bur i slike nyhendeørkenar, som forskaren Penny Abernathy kallar stader som har éi eller ingen lokalavis.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP