Kyrkjeval i feil lokale
Det ville prinsipielt vore svært interessant om Human-Etisk Forbund hadde kravd å få gjennomføra lokale styreval tett ved offentlege vallokale.
Folk som ikkje er medlemmer av Den norske kyrkja, bør på veg til vallokala sleppa å sjå skilt som peikar til kyrkjeval, skriv Johannes Morken.
Terje Schrøder / NTB
Den 11. september skal vi velja nye kommunestyre og fylkesting. Ved vallokala møter alle skilt som også peikar inn i eit siderom eller opp ei trapp til val i Den norske kyrkja – val til sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet.
Samanblanding i tid og naborom har Den norske kyrkja halde på med sidan 2009. Ordninga kom som eit krav frå eit kyrkjeforlik i Stortinget: Ei demokratireform med kyrkjeval tett opp til offentlege val var sentral premiss for at staten ville sleppa kyrkja fri og gje frå seg retten til å utemna biskopar.
På Fjellhamar utanfor Oslo hadde kommunen sidan kyrkja var ny i 1989, fått hevd på å bruka festsalen som vallokale. Kyrkjevalet skjedde i 2009 bak i gudstenesterommet i etasjen over. Som soknerådsleiar gav eg den gongen tydeleg uttrykk for at eg var imot samanblandinga. Men eg gjorde dugnadsplikta som valmedarbeidar.