Kvinna som redda «Midtaustens einaste demokrati»
Denne veka vann dei liberale kampen mot Benjamin Netanyahus domstolsreform – ved hjelp av to pensjonerte dommarar. Det kan ha store konsekvensar for korleis Israel møter påstandar om krigsbrotsverk og folkemord.
DOMMAR: Hennar siste avgjerd som dommar kan vise seg å bli ei av dei viktigaste i Israels historie, skriv kommentator Emil André Erstad om den pensjonerte leiaren for Israels høgsterett, Esther Hayut.
Menahem Kahana
250.000 ord fordelt på 738 sider var det som skulle stoppa den 362 dagar lange kampen om Israels karakter som demokratisk land.
Det var 4. januar i fjor at den ytterleggåande justisministeren i Benjamin Netanyahus regjering, Yariv Levin, lanserte den utskjelde domstolsreforma. Der føreslo Netanyahu-regjeringa å ta makt frå Israels høgsterett, slik at domstolen ikkje lenger kunne overprøve avgjerder frå regjeringskollegiet. All makt ville dermed hamne i hendene til den til ein kvar tid sittande israelske regjering.
Det ville skje i eit land som likar å marknadsføre seg som «Midtaustens einaste demokrati». Det var eit firsprang ut i det autoritære.