Kva viss Putin er Guds brutale herskar på jorda?
Kvifor har den russiske krigføringa i Ukraina vore så brutal, både mot ukrainske sivile og eigne russiske soldatar? Svaret ligg kanskje i ei djup og fasttømra religiøs tru som Lenin, Stalin og Sovjet aldri heilt klarte å kvitte seg med.
RELIGIØST: Akkurat slik strategien til IS var å vere så brutale at dei gudlause og vantru motstandarane skulle skjelve av skrekk, kan det sjå ut som Putins regime prøver å sende ei liknande melding, skriv kommentator Emil André Erstad.
Alexander Zemlianichenko
Dei prøvde hardt, sovjetarane, på å kvitte seg med det dei såg som religiøs overtru dei fleste russarane hadde. Då kommunistregimet kollapsa i 1991 identifiserte berre 37 prosent av russarane seg som ortodokse kristne. I dag er talet sannsynlegvis over 70 prosent.
Vi har sett bilete av lik i Butsjas gater. Sivile som vart avretta av russiske soldatar på retrett, i det som må ha vore ein grusom massakre. Vi har sett terrorbombinga av Mariupol. Vi har sett korleis russarane har prøvd å fryse ukrainarane i hel ved å bombe i stykker Kyivs straumforsyning. Vi har sett ein ukrainsk krigsfange bli halshogd på video.
Mykje av det minner om den fanatiske vondskapen vi såg då terrororganisasjonen IS herja i Midtausten for nokre år sidan. Kanskje fordi den har opphav i same grunnleggande tru på at det finst noko større, viktigare og meir heilagt enn sjølve livet.