Kva veg vipper det?
I praksis står valkampen om røystene til ein promille av innbyggjarane. Det må vere demotiverande for det store fleirtalet.
HÅPEFULL: Donald Trump håper at stemmene i vippestatane skal vippe han inn i Det kvite hus nok ein gong.
NTB
Tenk om kampen om regjeringsfleirtalet vart avgjort, kvart fjerde år, av kven som fekk flest røyster i gamle Aust-Agder. Vi andre kunne røyste som vi ville, men det var ein margin på om lag 10.000 veljarar i Aust-Agder valkrets som gjorde utslaget for høvesvis blå eller raud side. Dersom du, som eg, bur ein annan stad enn Aust-Agder, ville det kanskje kjennast litt urettferdig.
Slik – om enn litt karikert – er røynda for langt dei fleste innbyggjarane i USA. I eit land med over 335 millionar borgarar, vil valet mest truleg bli avgjort av godt under éin million av dei.
Det rigide systemet