Kva har skjedd med sporten vi elska?

EM 2024: Å sjå på fotball er å ta ein pause frå alt det som er vanskeleg og tungt. Kvifor må moral og ansvar og etikk absolutt inn i fotballen også?

LIDENSKAP: Sommarens EM i fotball er eit avbrekk frå alle skandalane som herjar i internasjonal fotball for tida. Da kan vi igjen nyte dramatikken og lidenskapen i spelet. Her frå EM i 2020, da Danmark vart slått ut av England i semifinalen og keeper Kasper Schmeichel måtte trøyste forsvarsspelar Simon Kjær.

Publisert Sist oppdatert

I 1992 gjorde krigen i det gamle Jugoslavia at landet måtte trekke seg frå EM i fotball. Inn kom det danske landslaget, og dei stod for eit av dei største mirakla i fotballens historie. På denne tida var Noreg aldri i nærleiken av å få bli med i verken VM eller EM. Men sidan mi mor er dansk, var det for meg som om mitt eige land skulle få lov til å delta.

Da det heilt utrulege skjedde, og Danmark ikkje berre kom seg til finalen, men slo Tyskland 2-0 og tok gullet, feira vi med å heise det danske flagget i flaggstanga vår i Fræna i ytre Romsdal. Framleis kan eg namna på dei to danske målscorarane, John «Faxe» Jensen og Kim Vilfort.

I sommar vil barn i ein heilt annan generasjon enn meg få minne for livet. For no skal deira landslag delta i EM 2024. Og for oss vaksne vil denne sommaren vere eit velsigna avbrekk frå all umoralen og korrupsjonen i sporten vi elskar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS