Kva er sanning?

Det bibelske landskapet har aldri vore fritt for politisk påverknad.

SANNING: Pilatus spurte Jesus: «Kva er sanning?». Her frå verket av målaren Nikolai Ge (1831–1894).
SANNING: Pilatus spurte Jesus: «Kva er sanning?». Her frå verket av målaren Nikolai Ge (1831–1894).
Publisert Sist oppdatert

Ein amerikansk studie viser at unge menneske slit med å skilje mellom kva som er sant og usant. Mykje tyder på at sosiale media er årsaka. Der uroa får rom, der blir etablerte haldepunkt viktige. Det er til å kjenne att. Vi treng noko fast å navigere etter. Kanskje er det difor Bibelen har fått eit oppsving? For betre enn noko er vel gudgjevne sanningar?

Når Trump løftar fram Bibelen, er det kjend symbolikk. For også dei dansk-norske styresmaktene har spelt på lag med Bibelen. Når det norske folk skulle dannast, var det gjennom konfirmasjon. Og på pensum var Pontoppidans forklaringar til Luthers katekisme. Slik formast ein heil nasjons førestilling om dei bibelske sanningane – i verkelegheita er det sanningar som støtta opp om statspietismen sitt program.

Det bibelske landskapet har aldri vore fritt for politisk påverknad. Og i fråværet av Pontoppidan slepp nye stemmer til. For vi slår framleis gjerne fast kva bibelforteljingane eigentleg handlar om.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS