Kunsten å seie takk
Når hugsa du sist å takke for det gode i livet ditt? Takksemd som livshaldning er både bibelsk og berikande.
TAKKSEMD: Som barn blei eg oppdratt til å takke. Å takke er god folkeskikk, men også ei livshaldning, skriv Alf Kjetil Walgermo.
NTB
Som barn blei eg oppdratt til å takke. Eg kan ikkje hugse oppsedingsmetodikken, men eg fekk tidleg ei forståing av det positive og nødvendige ved å uttrykke takksemd når eg fekk noko av nokon. Det ligg innprenta i mange av oss å takke for gåver. Om nokon gjer meg ei teneste, prøver eg alltid å takke i etterkant. På same vis kjennest det naturleg å takke for helsingar og gode ord.
Eg opplever ofte at det er ei glede i seg sjølv å seie «takk». Det minner meg om kor heldig eg er. Eg likar det også når andre takkar meg for noko eg har gjort, sagt eller skrive. Takken blir ei forsterking av noko positivt.
Å takke er god folkeskikk, men også ei livshaldning. Å vise takksemd er betydningsfullt både for andre og for deg sjølv. Dei fleste av oss har mykje å takke for, men problemet er at vi lett gløymer det. Det er fort gjort å ta goda våre for gitt, sjølv når historia fortel oss at vi er særs privilegerte.