Kulturjournalistikkens død
Korleis skal ein lage seriøs journalistikk dersom ein gir frå seg retten til å skrive fritt?
MÅ TØRRE: I samband med lanseringa av «Beverly Hills Cop: Axel F» mista NRK tilgang til intervjuet dei gjorde. Om utøvarar og aktørar ønskjer god kulturjournalistikk, får dei tørre å møte oss ansikt til ansikt og svare på spørsmåla, meiner kulturredaktør Lars Petter Sveen.
Richard Shotwell/NTB
Kva er kulturjournalistikk? Er det noko heilt anna enn all anna journalistikk?
Ja, verker svaret å vere frå deler av filmindustrien.
I samband med lansering av Beverly Hills Cop: Axel F, stilte NRKs journalist nokre småkritiske spørsmål til dei kjente skodespelarane Kevin Bacon og Joseph Gordon-Levitt. NRK har i ein modig sak i etterkant fortalt korleis dei fekk tilbakemelding på at dette ikkje var ok, og at dei attpåtil mista tilgangen på intervjuet dei gjorde med Gordon-Levitt.
Bestill abonnement her
KJØP