Kristendommen er eit bokprosjekt
Trass bekymring om bokas død, sel ho framleis. Ho låg under dei mange juletre denne jula også. Men kva med den såkalla kristne boka?
BØKER: – Ikkje berre les folk generelt mindre, kristenheita minskar. Når i tillegg kyrkja sin økonomi skrantar, så skrumpar marknaden til dei kristne forlaga inn, skriv førsteamanuensis Ingunn Aadland.
Erlend Berge
Like før jul kunne vi lesa at Bibelselskapet har kjøpt opp IKO-Forlaget. Det er godt nytt at gode krefter slår seg saman. Samtidig vitnar det om nedgangstider. Og her er eit dobbelt problem: Ikkje berre les folk generelt mindre, samstundes blir færre døypt, og kristenheita minskar. Når i tillegg kyrkja sin økonomi skrantar, så skrumpar marknaden til dei kristne forlaga inn. Her er tale om store underskot som krev nedbemanning.
Ein kjem ikkje unna boka
Kristenfolket er eit bokfolk. Ein ting er at kyrkja sine ritual treng bøker, slik som Bibel og salmebok, bøne- og andaktsbok. Ein annan er at kristendommen også er eit slags bokprosjekt. Sjølvsagt er kristenfelleskapet også knytt til aktivitetar, slik som gudstenester, kor og middag, men den kristne trua som ligg i botn tar form som nettopp forteljing og dei forteljingane står i ei bok.
Bestill abonnement her
KJØP