Kong Harald er best
I det nye året treng du mindre deg sjølv, og meir av dei andre.
STØDIG: Av alle menneske som kjempar mot Musks ekkokammerpolitikk er kanskje kong Harald den fremste og beste representanten. Fleire burde lytte til kongen, skriv kommentator Emil André Erstad.
Heiko Junge
Demagogane på ytre høgre har gode dagar og meir sjølvtillit på veg inn i det nye året. Sannsynlegvis oppmuntra av den snarlege innsettinga av president Donald Trump, ser vi at Elon Musk prøvar å påverke valkampane i fleire europeiske land, til støtte for kandidatar på ytre høgre. Jonas Gahr Støre sa måndag at han håpa eit samla politisk miljø i Norge ville ta til motmæle dersom Musk skulle komme til å blande seg inn i vår valkamp.
Musk symboliserer mykje av det som er gale med vår tid: grenselaus økonomisk ulikskap og ei menneskefiendtleg stemning i sosiale media.
Kong Harald er best