Jødehatet florerer. Kor er du, Jonas Gahr Støre?
Den norske antisemittismen er verre enn på mange år. Spesielt ille er det mange stader på venstresida. Det er eit problem at statsministeren har vore taus i månadvis.
TAUS: Etter synagogebesøket i november, vart det stille frå Støre om den aukande antisemittismen. Han må på banen, skriv kommentator Emil André Erstad.
Javad Parsa
Norske jødar har vore gjennom ein av sine tøffaste vintrar på mange tiår.
Allereie før terroråtaket mot Israel i fjor haust, levde norske jødar i frykt. Etterpå skulle vi oppleve, med den brutale krigen på Gazastripa, at mange nordmenn gjorde norske jødar til målskive for frustrasjonen og kritikken. Artisten Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid laga det mange oppfatta som eit skilje mellom «gode jøder» og «sionister» då han nyleg skreiv kronikk i Aftenposten.
Der Jude