Ikkje høyr på dei som har enkle svar om konflikten

Her er alle dei vanskelege spørsmåla om konflikten i Midtausten som manglar gode svar.

kk
UFRED: Det farlegaste som skjer i ei kvar konflikt er at folk mistar trua på andre løysingar enn å drepe kvarandre, skriv kommentator Emil André Erstad etter å ha vore i Israel og Palestina.
Publisert Sist oppdatert

Du tenker du har forstått alt i konflikten mellom Israel og palestinarane. Gratulerer, du er lurt!

Medan den israelske hæren førebur bakkeinvasjon av Gaza, skjer det ein parallell kamp om korleis vi skal oppfatte konflikten. Det første offeret i krig er sanninga. Vidare forsvinn nyansane og dei moderate stemmene. Freden finst berre hos dei moderate, dei som klarar å trekke pusten, halde hovudet kaldt og hjartet varmt. Heller enn å slå kvarandre i hovudet med argument for den eine eller andre sida, må vi vere fundamentalistiske i vår humanisme. Menneskeliv er menneskeliv, anten dei er palestinske eller israelske.

Så må vi kontinuerleg søke fakta. Det finst eit knippe viktige spørsmål å stille i røykteppet av desinformasjon og propaganda, som manglar klare og eintydige svar. Vi må likevel stille dei, og prøve å svare.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS