Helvete på jorda

På heimesida til Utanriksdepartementet er det slått fast kvar på jorda helvete er.

Hadde eg vore israelar, ville eg også gått i demonstrasjonstog mot Benjamin Netanyahu, skriv Johannes Morken. Her frå ein demonstrasjon mot statsministeren i Tel Aviv tidlegare denne månaden.
Publisert Sist oppdatert

Den 7. april publiserte utanriksminister Espen Barth Eide ei offisiell fråsegn på heimesida til Utanriksdepartementet: «I seks måneder har palestinerne levd i det som må kunne beskrives som et helvete på jord».

Ja, helvete finst. Også i Gaza. Eg må stengja blodige nyhende ute. Palestinske familiar blir utsletta. Barn svelt. Barn blir drepne. Flyktningleirar er under angrep. Det er overtid for å la våpena teia.

Men når Barth Eide og ekspertane hans skulle skriva ein halvårsrapport, var dei tydelegvis nøye med unngå å seia at Hamas skapte helvete i israelske kibbutzar og på musikkfestivalen i Re’im den 7. oktober. Barth Eides oppsummering lyder: Hamas påførte Israel «ufattelig smerte, sinne og sorg». Israel har påført palestinarane «et helvete på jord».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS