Hamas har oppnådd meir enn dei kunne drøyme om
Konsekvensen av terroråtaket er at dei moderate og løysingsorienterte palestinarane forsvinn frå den politiske scena.
TILFREDS: Hamas-leiinga i Doha uttrykker tilfredsheit med strategien om å få regionen ut i konflikt, og vekke sympati for den palestinske saka, skriv kommentator Emil André Erstad.
Iranian Foreign Ministry via AP
Dei menneskelege lidingane på Gazastripa er forbi fatteevne. Babyar som dør i kuvøsane på grunn av mangel på straum og små born som forsvinn frå livet fordi bombene tar dei. Bileta av lik som ligg strødd langs motorvegen sørover på Gazastripa.
Det er ikkje til å bere.
Empati og humanisme er alltid rett