Gløym Trump. Denne Donalden er viktigare for oss

WARSZAWA: Norgesven og Polens statsminister Donald Tusk kan bidra til at nordmenn søv trygt om natta. Også etter eit eventuelt maktskifte i USA.

kk
VÅR: Donald Tusk er faktisk polakken vår, skriv kommentator Emil André Erstad etter å ha vore med statsminister Jonas Gahr Støre på besøk til Warszawa.
Publisert Sist oppdatert

Jeg er ikke polakken din. Det var tittelen på Ewa Sapieżyńskas bok, med klar adresse til nordmenns syn på dei polske framandarbeidarane i landet vårt. Boka er full av frustrasjon og sinne over korleis polakkane blir plassert langt nede på den sosiale rangstigen som våre underbetalte handtverkarar og praktiske hender. Sapieżyńskas oppgjer med nordmenns diskriminering av polske framandarbeidarar, var betimeleg. Polakk blir framleis brukt som eit stigmatiserande skjellsord her til lands.

Vår viktigaste polakk

Han er polakken vår, kunne vi heller sagt om den ferske polske statsministeren Donald Tusk. Mannen som Jonas Gahr Støre besøkte denne veka. Valet i oktober sikra fleirtal til ein allianse bak Tusks parti Civic (Sivil plattform). Slutten på vondskapens tid, sa Tusk til sine eigne på valnatta. Sterke ord, men han tok ikkje for hardt i, mannen som vart regjeringssjef i landet som i løpet av neste år har som mål å vere Europas sterkaste militærmakt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS