Fred over Dag Solstads minne
MINNEORD: Ingen har som Dag Solstad prega norsk samtidslitteratur gjennom eit halvt hundreår. No er livet hans skjult hos Gud – som han skreiv om i fleire av bøkene sine.
STOR: Ingen har som han prega norsk samtidslitteratur, skriv Alf Kjetil Walgermo om Dag Solstad
Erlend Berge
Dag Solstad er død. Ingen har som han prega norsk samtidslitteratur gjennom eit halvt hundreår. Mange av bøkene hans står seg framleis svært godt, mange er beint fram geniale, blant anna fordi han evna å vere både humoristisk og eksistensiell.
Det er lett å hevde at vi kjem til å lese Solstad i lang tid framover, for bøkene hans har skildra landet og samfunnet vårt på ein heilt unik måte.
Men Solstad var i tillegg til å vere den kanskje mest kjente og største forfattaren i sin generasjon, også kulturradikalaren som interesserte seg for Gud. Til dømes kan Professor Andersens natt sjåast som eit førevarsel for den seine 1990-talslitteraturen som interesserte seg for religiøse tematikkar.