«Forventningane til Erdogans utfordrar er urealistisk store»

Erdogans etterfølgar som president i Tyrkia vil ikkje få nokon enkel jobb med å innfri forventningane frå liberale tyrkarar, Europa og Nato.

VETERAN: 74-åringen Kemal Kilicdaroglu skal slite med å innfri forventningane til seg, dersom han vinn valet om å bli tyrkisk president, skriv kommentator Emil André Erstad.
VETERAN: 74-åringen Kemal Kilicdaroglu skal slite med å innfri forventningane til seg, dersom han vinn valet om å bli tyrkisk president, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

På søndag er første omgang i det tyrkiske presidentvalet og valet til ny nasjonalforsamling. Det valet finst det minst to større forteljingar om.

Den eine forteljinga lyder slik: Recep Tayyip Erdogan var den populære Istanbul-ordføraren som vart dømd til fengsel for å ha lese eit religiøst dikt i 1997, som deretter klarte å komme tilbake og dominere tyrkisk politikk i fleire tiår. Han gjorde Tyrkia stort, skapte økonomisk framgang og vann attende respekten for islam i det tyrkiske samfunnet.

Dei som tenkjer slik, ser seg sjølv som religiøse nasjonalistar. Det er den viktigaste maktbasen til sittande president Erdogan.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP