Forfattarkamp på liv og død

Forfattarstanden ser trugselen frå kunstig intelligens i kvitauget. Kor lenge blir det til vinnaren av Nobels litteraturpris ikkje er eit menneske?

SKRIV SOM EIN PRISVINNAR: Jon Fosse fekk for litt sidan Nobels litteraturpris 2023. Berre dagar tidlegare blei det klart at Fosses bøker er blant dei mange som blir brukt til å trene opp språkkjensla til kunstig intelligens.
Publisert Sist oppdatert

Jon Fosse er den siste i ei lang rekke vinnarar av Nobelprisen i litteratur. Prisen har vore delt ut sidan 1901. Tildelinga i år gjekk føre seg berre ei dryg veke etter at eit titals norske forfattarar fann ut at bøkene deira utan løyve blir brukte til å trene opp språkmodellar nytta av kunstig intelligens. Det amerikanske magasinet The Atlantic kunne allereie i sommar fortelje at det same gjeld fleire tusen andre forfattarar. Når dei nye språkmodellane skal utvikle seg frå det gjengse normalprosanivået dei har vore på til no, trengst det litterær kvalitet i innlæringa. Då er det ikkje nok å skumme tekst som ligg ope tilgjengeleg på internett, med bloggpostar og statusoppdateringar frå kreti og pleti. Når dei mest avanserte språkmodellane lærer, lærer dei av dei beste forfattarane.

Det synest iallfall å vere tanken bak den frekke inkorporeringa av 183.000 bøker i den inntil nyleg hemmelege språkdatabasen Books3. Blant anna er bøker av nettopp Fosse, Karl Ove Knausgård, Vigdis Hjorth, Åsne Seierstad og Per Petterson blitt sjanghaia inn i databasen. Dei norske innslaga var så mange at forfattarforeiningane sette i gang undersøkingar på kor mange av medlemmane deira som var ramma.

Alvorleg situasjon for alle skrivande

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS