Falske fredsprofeter gjer knefall for diktaturet

UKRAINA: Frykten for at Norge kan hamne i krig er forståeleg. Men altfor mange kjøper Vladimir Putins falske fredsbodskap.

Truls Olufsen-Mehus fryktar Norge kan hamne i krig. Det er forståeleg. Men løysinga er ikkje å kjøpe Kreml-propaganda rått.
Publisert Sist oppdatert

– Nordmannen blir preppet klar for krig av media og myndighetene – snart smeller det, skriv Truls Olfsen-Mehus på sin Facebook-vegg.

Han ber om fred, men eigentleg er teksten eit ynkeleg knefall for Russland sin løgnaktige versjon av krigen i Ukraina.

Han listar opp punkt etter punkt som han meiner er «aktive provokasjoner» mot Russland. Blant desse er våpenstøtte, men han sveipa også innom idrettsboikott og at Norge har «tatt over» gassmarkedet frå Russland.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS