Er det grunn til panikk?
Med tre veker att til valet er det millimeter-tett på målingane. Her kjem en guide til å puste med magen dei neste tjue dagane.
NERVØST TETT: Dei siste målingane er ikkje direkte oppmuntrande for Kamala Harris, men dei er heller ikkje så mørke som enkelte skal ha det til.
NTB
Svaret på spørsmålet i overskrifta avheng sjølvsagt av kva utfall du håper på i november, og kor redd du er for det motsette utfallet.
Kanskje du som les dette, i likhet med 80 prosent av nordmenn, i følge ei fersk måling frå TV2, håper på siger til Det demokratiske partiet og Kamala Harris. Då kan det tenkast at du har sett på målingane dei siste vekene med ein viss nervøsitet. I sosiale medier kan vi sjå medlemmer og strateger i Det demokratiske partiet fortelje kvarandre at det ikkje er grunn til panikk.
Men har dei eigentleg grunn til å stresse? La meg forsøke å gje nokre grunnar til å ikkje gjere det.