Ekstrem nervøsitet på valvakene i Sverige

STOCKHOLM: Blir Magdalena Andersson eller Ulf Kristersson statsminister etter kveldens val i Sverige? På valvakene til dei ulike partia er spenninga til å ta og kjenne på.

DYSTERT: Regjeringsskifte eller fiasko, tenker dei borgarlege partifolka på valvakene i Sverige. No tyder mykje på at dei blir skuffa, skriv kommentator Emil André Erstad.
DYSTERT: Regjeringsskifte eller fiasko, tenker dei borgarlege partifolka på valvakene i Sverige. No tyder mykje på at dei blir skuffa, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Det har store konsekvensar å tape det svenske valet. På Kristdemokraternas (KD) valvake verka folk meir opptekne av å vinne regjeringsmakta saman med Moderaterna enn av eigen oppslutning. Frå scena vart dei slitne partifolka og valmedarbeidarane feira med at «no er valkampen endeleg ferdig», før konfransieren Sara Skyttedal (som òg sit i Europaparlamentet for KD) heldt fram med at «og det er også den sosialdemokratiske regjeringa i Sverige».

Tankegongen ser ut til å vere slik: Dersom valet ikkje endar med regjeringsskifte, er mykje av innsatsen i valkampen til liten nytte. Dessutan har valkampen i Sverige dei siste vekene vist at svensk politikk er langt meir polarisert enn den vi har i Norge.

Dyster valdagsmåling

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS