Eit sosialt budsjett for dei heldige
Regjeringa hjelper dei som treng det mest. I Norge.
NORGE: Med det norske flagget på jakkeslaget, skulle det måndag ikkje vere noko tvil om kvar finansministerens prioriteringar låg, skriv kommentator Emil André Erstad.
Fredrik Varfjell
Høgresidas kritikk av regjeringas budsjett er feilslått. Høgre og Frp meiner skattekutta for vanlege folk i Norge ikkje er store nok. Det meiner dei trass i det nettopp er vanlege folk som er dei store vinnarane i regjeringas forslag til statsbudsjett for neste år. Både LO og NHO var samde om at budsjettet la til rette for rentekutt neste år. Med andre ord: Støre og Vedums budsjett vil gje folk i Norge betre råd, meir i lommeboka.
Det var noko klasseblindt over høgresidas kritikk, som måndag i Stortingssalen og Vandrehallen, var ekko av dei same talepunkta: Folk får berre nokre hundrelappar meir å rutte med i månaden. Det er som småpengar å rekne, meinte dei.
Vel, alle som slit med å få økonomien til å gå rundt, veit verdien av nokre hundrelappar ekstra i månaden. Det er kanskje lett å gløyme når du sjølv sit med stortingsløn.