Eit heidersteikn at han blir opposisjonens hakkekylling
Høgresida er i ferd med å gjere næringsminister Jan Christian Vestre til den store hakkekyllingen. Problemet er berre at påstandane om at han berre står for store ord og lite handling, faktisk ikkje stemmer.
LEVERER: Næringsminister Jan Christian Vestre leverer betre enn opposisjonen påstår, skriv kommentator Emil André Erstad.
Javad Parsa
Held opposisjonen seg til fakta i kritikken av regjeringa?
Spørsmålet er verd å stille etter ein diskusjon i Stortinget førre veke, då det vart oppheita stemning i stortingssalen.
Arbeidarpartiets wonderboy Jan Christian Vestre stilte i den munnlege spørjetimen. Sivert Bjørnstad, som er Framstegspartiets næringspolitiske talsperson, og resten av opposisjonen, stilte den ferske næringsministeren til veggs. «Det var ikkje måte på kva statsråd Vestre skulle utrette då han tiltredde», sa Bjørnstad før han summerte opp Jan Christian Vestres leveransar til Stortinget slik: «Ikkje ei einaste melding, ikkje ein einaste proposisjon».