Eit dysfunksjonelt styringsparti
Dei pinlege rundane som Kongressen går gjennom no er eit illevarslande teikn for dei to åra som ligg føre: Her vil det bli ekstremt krevjande å drive politikk.
KONGRESS-BRÅK: Tidlegare mindretallsleiar Kevin McCarthy toler ikkje å miste meir enn fire av sine eigne, fordi reglane krev at ein kandidat får over halvparten av røystene. I seks voteringar tysdag og onsdag røysta tjue av medlemmene hans på nokon andre.
Alex Brandon
«Gud, vak over samlinga vår i kveld, så vi ikkje held oss vakne utan meining», bad kongressprest Margaret Grun Kibben. Ho ber ei bøn kvar morgon før ein tek fatt på dagsorden, men på onsdag vart ho kalla tilbake til talarstolen klokka 21, då representantane samla seg på nytt.
Dei to føregåande dagane hadde Representanthuset lagt bak seg seks voteringar for å få på plass ein ny speaker — leiaren for arbeidet i det nedre kammeret av Kongressen. Republikanarane overtok fleirtalet frå demokratane då den førre Kongressen formelt gjekk av tysdag og skal dermed overta speaker-rolla. Fleirtalet er likevel så lite at tidlegare mindretalsleiar Kevin McCarthy ikkje toler å miste meir enn fire av sine eigne, fordi reglane krev at ein kandidat får over halvparten av røystene.
Ustyrlege republikanarar