Ein hyllest til tilbakehaldne norske muslimar
Det er lett å tole koranbrenningar som ikkje rammar oss sjølv, men kva viss vi var den vesle minoriteten som opplevde forfølging, trugslar og hat? Muslimar i Norge fortener hyllest for å halde igjen på reaksjonane.
IDIOTI: Vi kan kalle ein spade for ein spade, og ein høgreekstrem provokatør for ein høgreekstrem provokatør, skriv kommentator Emil André Erstad om koranbrennarar som danske Rasmus Paludan.
Henrik Montgomery
Berre for å slå det fast først som sist: Eg er motstandar av forbod mot koranbrenning. Vi må aldri inngå kompromiss med grunnleggande rettar.
Likevel lar eg meg irritere over kor ofte debatten om koranbrenning stansar der. Altfor ofte endar det i ein finurleg juridisk diskusjon om ytringsfridom på Dagsnytt 18. Den stien er no så opptrakka at alle med auge kan sjå den. Derimot går vi glipp av alt det andre denne debatten burde handle om.
Det privilegerte blikket