Ein farleg krigsleik med elden

Netanyahus mål er å vise militære musklar for å trygge nasjonen. Irans missilåtak skremmer mange, men er mest av alt eit symbol på avmakt.

kk
KVA SKJER NO: Spørsmålet er kva Iran kan finne på, dersom regimet kjenner seg sterkt nok pressa og audmjuka av Benjamin Netanyahu, skriv Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Alle som såg NRKs Sidsel Wold rapportere direkte frå Ben Gurion-flyplassen tysdag kveld, midt under det iranske missilregnet, må ha fått med seg at situasjonen i Midtausten tilsynelatande er i ferd med å spinne ut av kontroll.

Det kom så mange rakettar at det israelske rakettskjoldet måtte prioritere mellom rakettane. Det tok for lang tid å skyte ned alle. Ingen israelarar kunne kjenne seg trygge. Sjølv om dei fleste rakettane blei tatt av rakettskjoldet, var det vanskeleg å ha kontroll på kor restane trefte bakken.

Det skapte utvilsamt ei kjensle av utryggleik over heile Israel, der folk måtte springe i bomberomma. Spesielt ettersom rakettåtaket kom kort tid etter at det vart rapportert om to palestinske terroristar laus med automatvåpen på trikken midt i Tel Aviv. Åtaket vekker vonde minne frå terroren i fjor.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS