Digital gapestokk
Det verkar som fleire og fleire tek lova i eigne hender gjennom sosiale media. Kvifor er det sånn?
I mai kunne ein lese artikkelen «Folk forfølger utenlandsk varebil etter Facebook-aksjon» i regionavisa Sunnmørsposten.
Artikkelen fortalde om to blå varebilar, som folk i sunnmørsregionen hadde delt bilete av på Facebook. Det vart hevda at dei i bilane dreiv med kriminell verksemd, og folk åtvara om kvar bilane var, med oppfordringar til å følgje etter dei. På eit tidspunkt hadde den eine varebilen 30 bilar på slep, ifølgje artikkelen.
Men politiet hadde ingen bevis for at dei i varebilane hadde gjort noko kriminelt.
Bestill abonnement her
KJØP