Dette talet har forandra verkelegheita for KrF

Ikkje eingong med maksimal feilmargin ville KrF ha kome over sperregrensa i Vårt Lands siste meiningsmåling. I ei ny bok finn vi noko av svaret på kva som gjekk gale for partiet.

kk
FORANDRING: Då Valgerd Svarstad Haugland var KrF-leiar i 1995, var dei eldre veljarane langt meir religiøse enn i dag, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Den ferske meiningsmålinga først: KrF får berre 2,8 prosent oppslutning i Vårt Lands ferske stortingsmåling for april. Det er ned 1,2 prosentpoeng frå førre måling i mars.

Tala er gjennomgåande skrekkeleg lesing for partiet som skal samlast til landsmøte på Hamar til helga. Berre 2,4 prosent av veljarane som ikkje stemte ved førre stortingsval, oppgir no at dei vil stemme på KrF. Partiet som lenge hadde særs lojale veljarar, er no nede i ein lojalitet på 57,4 prosent. Høgre ligg til samanlikning tett på over 86 prosent. Det er også partiet KrF mistar flest veljarar til.

KrF hadde grepet om dei eldste veljarane

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS